Annonse:

Vi kan spare fem millardar?

Ny E18 Rannekleiv-Temse i vest og Akland-Tangen i aust må følgje dagens trasé. Det gir minst øydelegging av natur, jordbruk og  område der folk bur. Eg er glad for at eit så godt som samla politisk miljø ser ut til å vere samde om dette.

Erfarne vegutbyggarar har fortalt meg at vi truleg kan spare bortimot 5 milliardar på å bygge på dagens trasé, der vi i tillegg øydelegg minst. Vi kan heller bruke 5 milliardar til å få fart på jernbane Brokelandsheia-Porsgrunn, med raskare reiser, betre sikkerheit, betre miljø og klima.

Mellom Akland og Rømyr er det vanskelegare. Der inneheld alle alternativ utfordringar anten for rasfare, miljø, natur, buområde. Det vil krevje mykje kløkt og kompromissvilje for å finne dei beste løysingane for menneske og natur.

Mellom Rugtvedt og Dørdal i Bamble og mellom Tvedestrand og Arendal hadde vi andre problemstillingar. Der var det rett og slett umogleg å bruke dagens trasé gjennom jordbruksområde, skolevegar, verdfulle vatnkjelder og mange hus tett ved vegen som ny E18.

Jan Kløvstad
Fylkestingsmedlem for Venstre i Aust-Agder