Venstre og bompengar på E18
Silje Flaten Haugli i Agder Fremskrittspartiets Ungdom skriv i fleire aviser at eg er med på ”Skitten retorikk fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre” om E18 mellom Tvedestrand og Arendal og bompengar. Da må ho anten aldri ha høyrt kva eg har sagt, eller ha høyrt svært dårleg. Saka var oppe i fylkestinget i Aust-Agder 18. februar. Der sa eg at det viktige nå er å stå saman for å 1. få vegen ferdig så fort som mogleg for å hindre at enda fleire liv går tapt på den farlege dagens E18 og 2. få bompengane såpass låge at det ikkje fører til at mange veljer å køyre den farlege og svingete Rv 410 langs kysten eller dagens E18 i staden for ein ny E18 like trygg som E18 mellom Grimstad og Kristiansand.
Vidare sa eg også da at utan å godta bompengar vil vi aldri få den nye vegen, og at det står mange andre vegprosjekt i kø landet rundt for å overta plassen ”vår” fremst i rekka. Eg tilrådde at vi alle samla oss om likelydande vedtak, både i Tvedestrand kommunestyre, Arendal bystyre og i fylkestinget. Eg kritiserte ingen.
Venstres mål er ein trygg, trafikksikker veg. Venstre vil framleis også arbeide for ein kystnær jernbane for å få trafikken enda tryggare og enda meir miljøvennleg. Alt dette kan Silje Flaten Haugli få stadfesta ved å spørre dei Frp-representantane som var tilstades i fylkestinget, eller ho kan spørre dei 31 andre representantane, tilhøyrarane eller journalistane som var der.
Jan Kløvstad, gruppeleiar for Venstre i Aust-Agder fylkesting
