Takk til døvetolkane
POLITIKK:
Abid Raja og eg intervjua innvandrarkandidatar for Venstre frå Kongo, Somalia og Polen og presenterte Venstrekandidatar med bakgrunn frå Island, Tyskland, Albania, Burma og Iran. Til møtet kom også ein svaksynt lokalpolitikar frå Lier og fleire hørselsvekka.
To døvetolkar stilte opp og var sterkt med på å gjere dette møtet til eit veldig lærerikt og inkluderande møte. Det takkar vi i Venstre varmt for. Fleire som var på møtet fekk også lynkurs i teiknspråk dagen etter, og blant dei var Abid Raja.
Vi les i Arendals Tidende at det ikkje blei tolking til teiknspråk i partileiardebatten, og det synest vi er leit. Norges Døveforbund og døvetolkane gjorde ein formidabel innsats i Arendalsuka, ein innsats vi håpar vil føre til at vi kan ha nært samarbeid også vidare.
Pål Koren Pedersen Ordførarkandidat Venstre
Jan Kløvstad Fylkestingskandidat Venstre