fbpx
skip to Main Content

Stopp utsendinga til Russland

Vi kan ikkje sende menneske utan pengar, utan hus, utan arbeid, utan å kunne russisk inn i den russiske vinterkulda. Gradestokken viser minus 21 her i Arendal, der eg kan vere innandørs og fyre godt. Det er minus 28 i Murmansk nå, og Norge sender folk som har flykta frå krig, fattigdom og nød dit. Vi må stoppe dette. Det er vondt å høyre konkurransen mellom Sylvi Listhaug, Trond Giske, Pål Lønseth og andre på norsk høgreside konkurrere om kven som har den strengaste innvandringspolitikken. Dette handlar om MENNESKE, menneske av kjøt og blod, som deg og meg. Stopp utsendinga, – straks!

 

Jan Kløvstad

Fylkestingsmedlem for Venstre i Aust-Agder

Back To Top