fbpx
skip to Main Content

 Nye Veier AS må respektere reguleringsplan og avtalar

Interpellasjon frå Venstre ved Jan Kløvstad.

Kan Nye Veier AS bygge ny E18 i strid med reguleringsplanen og avtalar med grunneigarar, viltlag og lokalsamfunn?

Eg ber fylkesordføraren avklare med Nye Veier AS det som har kome fram i orienteringsmøte med Tvedestrand Viltlag torsdag 19. januar. Eg vil spesielt ha svar på

  1. senking av Årdalen bru over Langangsvegen, med fem meter
  2. senking av Sagene bru, som kryssar fylkesvegen mellom Gartha og Våje/Dalen, med sju meter
  3. sprenging av fjellknatten ved Træfjell i staden for den vedtatte tunnelen.

Alle desse tre store endringane vil skape store problem for viltet. Å erstatte tunnelen gjennom Træfjell med fjellskjæring vil i tilllegg auke støyen i nærområdet og gjere eit attraktivt turområde atskillig mindre attraktivt.

Både for grunneigarane og for oss andre er det viktig å ikkje gjere meir skade for viltbestanden og miljøet enn høgst nødvendig.  Det er også viktig å følge dei avtalane som er gjort med grunneigarane, avtalar der noen få har gitt mykje til fellesskapet for at vi andre skal kunne køyre på ein tryggare veg om noen år.

Kan fylkesordføraren gi fylkestinget ei orientering, og bidra til å finne ei løysing i tråd med vedtatt reguleringsplan og respekt for dei inngåtte avtalene med grunneigarane langs den komande E18 i i Arendal og Tvedestrand?

Jan Kløvstad
Venstre

 

Back To Top