fbpx
skip to Main Content

Historieforfalsking

Med litt ujamne mellomrom dei siste åra har bevisstlause journalistar fortald at Kitron skal flytte tilbake til Kilsund. I samband med den offisielle opninga av bygget i Kilsund sender bedrifta no ut ei pressemelding der det står at «Flyttingen innebærer at vi er tilbake til våre røtter. Kilsund var Kitrons fødested på 1960-tallet, og dette var vårt viktigste produksjonsanlegg til 2005, sier Hans Petter Thomassen, administrerende direktør i Kitron Norge.»

Det er nødvendig med litt historie. Elektrisk Bureau starta på Hisøya i 1962, som avleggar av hovudbedrifta i Oslo. Bygningane blei sett opp med offentleg støtte (DU – Distriktenes Utbyggingsfond). Med tida gjekk bedrifta gjennom endringar i namn og eigarar, men dei tilsette var der heile tida. På det meste midt på 70-talet rundt 1000. Nye avleggarar og oppkjøp kom, så nedleggingar, og enkelte frå Risør, Kongsberg og Oslo valte å arbeide på Hisøya. (Dei som er interessert i dei første 30 åra på Hisøya kan låne «Møllers minner» på biblioteket, eller kontakte meg så skal dei få heftet som pdf-fil.)

Bedrifta på Kilsund starta i 1966, fire år etter EB på Hisøya. I mange år var dei to bedriftene konkurrentar. Då Johnny Stenberg med bakgrunn frå Kilsund kjøpte produksjonsdelen på Hisøya i 1996, var det relativt raskt duka for fusjon. Sjølv om Hisøy-bedrifta var største og overtakande bedrift, fekk den fusjonerte bedrifta namnet Kitron, truleg fordi leiinga var bare Kilsund mellom ørene.

På Kilsund i dag jobbar det folk som yrkesmessig ikkje har røtene sine i Kilsund, og det er kanskje tusenvis andre i distriktet som har jobbhistorie knytt til Hisøy-fabrikken. Eg vil slett ikkje ta frå fabrikken i Kilsund si historie, og eg ønskar alle som jobbar der alt godt. Men til journalistar og direktørar: La oss som aldri har jobba der beholde vår historie.

Gunnar Danielsen
Hisøy-arbeidar frå 1971 til 2011

Back To Top