Magnhild med klubba
Magnhild Hagelia er den viktigaste kvinna i Agders politiske historie. Alf Kjetil Igland har skrive biografien om Magnhild Hagelia, og held foredrag om «Magnhild med klubba» i IOGT-lokalet i Nygata i Arendal tysdag 6. mars.
Magnhild Hagelia (1904-1996) var frå Gjerstad, der ho i unge år var særs aktiv i ungdomslag, mållag og ein forkjempar for fråhald. Ho var også aktiv medlem i Austegdelaget i Arendal på slutten av 1920-talet. Som organisator, talar, kåsør og skribent var ho ein kulturberar av dei sjeldne. Frå 1935 kom ho med i Arbeidarpartiet, der ho snart fekk leiande verv lokalt og på fylkesplan. Som forsyningsleiar i heimkommunen under krigen viste ho store administrative evner og sette seg i respekt for sin integritet, klokskap og handlekraft.
På Stortinget (1950-1965) braut ho mange barrierar. Mest merksemd fekk ho i 1962 då ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga, men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stortinget. Ho kjempa for kvinners rettar og for at dei måtte engasjere seg i politikken. I tillegg til hjartesakene sine arbeidde ho mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. Hagelia var overtydd sosialdemokrat og trudde på eit
samfunn med plass til og velferd for alle. Ho var djupt forankra i partiet, men sjølvstendig og røysta mot leiinga om ho fann det rett.
På 1950-talet flytta ho til Fjære ved Grimstad, der ho etter stortingsåra engasjerte seg i lokalpolitikken medan ho skjøtta arbeidet hos Fylkesrevisoren. I pensjoniståra arbeidde ho mykje med lokalhistorie frå Fjære og Gjerstad. Ho blei ein skatta føredragshaldar og kåsør på tvers av alle skillelinjer. Hagelia blei felleseiget «Magnhild».
Biografien om Magnhild Hagelia byggjer på eit grundig arbeid, og forfattaren kastar nytt lys ikkje berre over livshistoria hennar, men også over Norge sett frå Agder og norsk historie i etterkrigstida.
Alf Kjetil Igland er fødd i Fjære i 1949 og utdanna filolog med norsk hovudfag og engelsk og journalistikk i fagkrinsen. Han har hatt stillingar og verv i media og akademia, sist ved Universitetet i Agder, som han som pensjonist er knytt til gjennom avtale som forskar og sakprosaforfattar. Igland har gitt ut fleire viktige bøker, og er kjent som ein dyktig foredragshaldar.
Magnhild Hagelia var ein samfunnsbyggar på mange felt, og arrangørane Arendal dialekt- og mållag, Losje Starkad, Austegdelaget, Foreningen Norden og Folkeakademiet Arendal er noen av dei mange som hadde gleda av henne i aktivt arbeid.
Innsendt av:
Jan Kløvstad
leiar i Arendal dialekt- og mållag
Sorry. No data so far.

