Annonse:

Seigliva feil

Media kan snautt omtale Kitron utan at historia blir feil. Sist ut er Arendalsfolk. Informasjon fra Arendal kommune. Er det kommunen eller Hans Petter Thomassen på Kitron som ikkje kan historia til bedrifta?  På side 15 i Arendalsfolk står det «Kitron startet på Hisøy i 1962, og i 1965 flyttet de til Kilsund.» Lenger nede står det «Nå består Kitron av 280 ansatte. De har en gang i tiden vært oppe i 1000.»

Litt reprise frå eit innlegg eg hadde i Agderposten 17. juni 2016: Elektrisk Bureau starta på Hisøya i 1962, som avleggar av hovudbedrifta i Oslo. Bygningane blei sett opp med offentleg støtte (DU – Distriktenes Utbyggingsfond). Med tida gjekk bedrifta gjennom endringar i namn og eigarar, men dei tilsette var der heile tida. På det meste midt på 70-talet rundt 1000. Nye avleggarar og oppkjøp kom, så nedleggingar, og enkelte frå Risør, Kongsberg og Oslo valte å arbeide på Hisøya. (Dei som er interessert i dei første 30 åra på Hisøya kan låne “Møllers minner” på biblioteket, eller kontakte meg så skal dei få heftet som pdf-fil.)

Bedrifta på Kilsund starta i 1966, fire år etter EB på Hisøya. I mange år var dei to bedriftene konkurrentar. Då Johnny Stenberg med bakgrunn frå Kilsund kjøpte produksjonsdelen på Hisøya i 1996, var det relativt raskt duka for fusjon. Sjølv om Hisøy-bedrifta var største og overtakande bedrift, fekk den fusjonerte bedrifta namnet Kitron, truleg fordi leiinga var bare Kilsund mellom ørene. Så blei alt flytta saman på Hisøy, før bedrifta blei flytta til Kilsund i 2015.

Det er altså to bedrifter – med to ulike historier – som blir slått saman. Som eg skreiv i 2016 vil ingen ta frå Kilsund si historie, men la oss som aldri har jobba der nede (det er ganske mange) få lov til å ha vår historie. Kan det vere så vanskeleg?

Gunnar Danielsen
Hisøy-arbeidar frå 1971 til 2011