Annonse:
B1631247166bdfd3cc6196bb44920a42.jpg

Pressestøtta og kulturbudsjettet

STATSBUDSJETT:

Men heldigvis blir det store endringar når Stortinget vedtar det endelege budsjettet. Aldri er eit kulturbudsjett i Norge endra så mykje. Her er ei liste over eindel av det Venstre og Kristeleg folkeparti fekk gjennom i forhandlingane:

Dei frivillige

Studieforbunda, som er svært viktige for å finansiere blant anna instruktørar i store delar av det frivillige organisasjons livet, får 40 millionar meir. 4H og andre organisasjonar som var nemnt med harde kutt får 5, 5 millionar meir enn regjeringsforlaget og får med det same støtta som før. Grensa for lønnsoppgåveplikt i frivillige organisasjonar blir auka til 8 000 kr og gåvefrådraget blir auka frå 16 800 kr til 20 000 kr. Vi får auka grensa for når frivillige organisasjonar må betale arbeidsgjevaravgift til 50 000 kr per tilsett og 500 000 per organisasjon. I tillegg får kor, ensembler og frie grupper 10 millionar meir.

Det blir 27,4 millionar meir til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg enn i regjeringsforslaget og Det frivillige skyttervesen får 1,6 millionar meir.

Folkehøgskolane

Folkehøgskolane får 22, 7 millionar meir. Posten til 10 mnd studiestøtte i folkehøgskolane er auka med 11,5 millionar og «Stortinget ber regjeringen frem til RNB avklare rammer og finansiering for en ny folkehøyskole, SKAP, i et samarbeid mellom det offentlige og næringslivet i Lindesnesregionen.»

Medier

Pressestøtta var rasert i regjeringas forslag. Vi har fått inn igjen heile kuttet på 50 millionar kroner og i tillegg 4,1 millionar til samiske aviser, 2,2 millionar til Nynorsk avissenter og halvannan million til å styrke arbeidet med kvalitetsjournalistikk ved Institutt for journalistikk.

Litteratur

Innkjøpsordningane i kultur rådet lever vidare, med fem millionar meir til innkjøps ordninga for litteratur for barn. Dei tre litteraturhusa i Oslo, Bergen og Fredrikstad får syv millionar kroner. Også biblioteka får meir.

Kulturminnevernet blir styrka med 15 millionar og fartøyvernet med fem millionar Det blir også 12 millionar ekstra til eindel museer som regjeringa hadde redusert støtta til (blant andre Jødisk museum og forprosjekt for det nye sørsamiske Saemien Sitje). Vi lyktest ikkje med å få tilbake dei pengane regjeringa etter innstilling frå Norsk Filminstitutt hadde redusert til Sørnorsk filmsenter og to andre regionale filmsenter, men fekk gjennom 400 000 ekstra til New Nordic Films.

Jan Kløvstad

Fylkessekretær i Venstre

Venstres kulturnettverk