fbpx
Annonse:
Db888628a9d9070d0a2b02c96d598178.jpg

Både Erna og EØS blir for mykje

POLITIKK:

Tenk deg eit liv med lange arbeids dagar, kanskje to-tre ulike jobbar, utan at du kan leve av lønna. Tenk deg at du blir tilsett i same jobben fleire gonger i året, utan håp om fast tilsetting. Tenk deg at du aldri kan protestere når vaktlistene kjem for seint og passer dårleg, nok ein gong.

Dette har vore kvardagen for millionar menneske i USA i ti-år. Dette er kvardagen for ein stor og ein veksande del tyske arbeidstakarar, og har blitt kvardag for mange svenskar. Slike arbeidande fattige kan og bli eit sterkt innslag i det norske arbeidslivet.

Erna Solberg avviser at regjeringa fører ein politikk for større forskjellar. Argumentet er at regjeringa har ein politikk for å hindre «utanforskap». Ved å hjelpe dei mest utsette gruppene til å få ein fot innafor arbeidsog samfunnslivet, skal forskjellane så å seie motverkast nedanfrå. Det hadde vore bra, men dessverre så er det ikkje slik det har virka der dette alt er gjennomført. Høgre og FrP kopierer EU sin mislykka arbeidslivspolitikk når dei legg til rette for at ungdom og låglønte skal få endå meir usikker tilknyting til arbeidslivet. Det er nettopp dei mest utsette som får det verre med endringsforslaga i arbeidsmiljølova. Tyskland blir gjerne framstilt som ein vellykka økonomi blant kriseramma EU-land. Rett nok har dei berre 5 prosent arbeidsløyse samanlikna med Hellas og Spania sine 27 prosent og 25 prosent. Men i staden for eit hav av arbeidslause har Tyskland ein hær av menneske som ikkje kan leve av det dei tener på arbeidet sitt, og er avhengig av sosialstønad sjølv om dei har full jobb. Reallønene har over tid stagnert eller gått ned i mange europeiske land, og Tyskland er sjølve kroneksemplet. Sverige har etter åtte år med høgrestyre oppnådd at ein ikkje uvesentleg del av arbeidsstyrken no er arbeidande fattige. Norge har førebels ikkje ei slik gruppe.

Det har Høgre og FrP tenkt å endre på. Regjeringa sin økonomiske politikk kopierer den oppskrifta høgresida og mange sosialdemokratiske parti i Europa har følgt siste 30 åra. Uansett økonomisk situasjon er medisinen den same: Skattekutt, velferdskutt og «fleksibilisering» i arbeidslivet. Forslaga til endringar i arbeidsmiljølova handlar om det siste. Regjeringa seier fleire skal få jobb når det blir enklare å tilsette mellombels. Men det blir sjølvsagt ikkje fleire jobbar av den grunn. Det einaste dei heilt sikkert oppnår er at færre får fast jobb, slik vi ser elles i Europa. Det norske arbeidslivet blir no truga av høgrepolitikk frå to kantar. I tillegg til ei regjering som vil svekke fagrørsla og arbeidstakarane sine rettar, så importerer Norge gjennom EØSavtalen dei same problema som EU-landa har. Tenestedirektiv, vikarbyrådirektiv, postdirektiv og handhevingsdirektiv er EU-reglar som alle skal skape auka konkurranse mellom arbeids takarane om kven som skal få jobb. Dvs den får jobb som vil jobbe for lågare løn, dårlegare pensjonsordningar og vilkår enn andre.

Både EØS-avtalen og regjeringa sin politikk endrar maktforholda i arbeidslivet. Fagrørsla får svekka forhandlingsmakt. Det handlar om kven som kan bestemme over arbeidskvardagen. Det handlar om kven som disponerer dei verdiane som blir skapt. For arbeidarrørsla er det ikkje nok å kjempe mot berre det eine trugsmålet. Vi må kjempe både mot Erna og EØS.

Paul Magnus Gamlemshaug Fylkesleiar Aust-Agder SV